Private hushald i Time kommune kan bestilla gratis henting av grovavfall, farleg avfall og hageavfall 3 gonger i året pr type avfall. Avfallet vert henta på avtalt dato mellom kl 06.30 og 14.00.
Generelle krav til henting
Du må setta avfallet ut til køyrbar veg, helst på eiga tomt. Plasser gjerne avfallet der du set avfallsdunken når det er tøming. Set avfallet ut kvelden før, eller før kl 6.30 på hentedagen. Dersom det er nedbør, og du har gjenstandar til bruktbua så legg ei presenning over. Renovatøren legg presenninga igjen etter henting.
Grovavfall
Dette gjeld grovavfall som ikkje får plass i vanleg avfallsdunk for restavfall eller nedgravne avfallsanlegg for restavfal. Det kan og vera møblar og andre gjenstandar som er brukbare for andre, og som kan leverast til bruktbua for ombruk. Du kan få henta inntil 3 kubikk 3 gonger i året. Maxvekt er 100 kg.
Farleg avfall
Det er kjemikaliar, maling, sprayboksar og småelektrisk avfall. Bruk den raude boksen (raud boks kan hentast gratis på Time rådhus) til oppbevaring og når du set fram avfallet til henting. Du får tom boks tilbake etter henting.
Hageavfall
Dette er planteavfall frå hushaldet ditt som greiner og buskas (les vilkår under hageavfall). Du kan få henta inntil 3 kubikk 3 gonger i året.
Ønskjer du å avbestille hentinga di?
Du må avbestille før kl 11 dagen før avtalt henting. Avbestill via lenke som fulgte e-posten du mottok som bestillingsbekrefting. Ring 51 77 60 00 om du treng hjelp.
Krav til henting
Avfallet skal setjast ut mot kjørbar offentleg veg, helst på eiga tomt. Vegen må vere kjørbar for stor bil. Bilen rygger ikkje inn i smale gater og kjører heller ikkje inn i innkjørsler. Om du har vanskar med plasseringa kan du ta kontakt med innbyggarservice i Time kommune på telefon 51 77 60 00.
Set avfallet fram kvelden før, eller seinast 06.30 på hentedagen. Det må komme tydeleg fram kva som skal hentast.
Hageavfall skal vere samla i sekker, og greiner skal vere bunta saman i håndterbare størrelsar.
NB! Du har sjølv ansvaret for avfallet fram til det vert henta av renovatøren. Husk å beskytt avfallet mot vær og vind.